Velmont

Odin Hørthe Omdal

Programmering, nettsidedesign og -utvikling. Filmproduksjon, videoredigering og ymist

firma@velmont.no / 93 24 37 25

Nettsider

Mi fyrste side laga eg på barneskulen og eg stogga aldri. Alltid interessert i å få til enklare, finare og meir brukbare sider. Båe for dei som ser, og dei som oppdaterer sidene.

Eg tek båe reine netsideoppdrag, og full netstadsutviklingsoppdrag med tilhøyrande spesialprogrammering.

Django, WordPress, Drupal, Joomla!, noko eige i PHP eller Python? Ingen problem, ta kontakt.

Programmering

Eg likar veldig godt å programmera, og gjer det båe som hobby og som arbeid.

Eg liker aller best å bruka Django - vevrammeverket for perfeksjonistar med ein leveringsfrist (fritt omsatt frå engelsk). Med Django klarar eg å skriva databasedrivne netsider og system mykje snøggare enn å skriva det i t.d. rein PHP.

Universitas

Eg har vore tilsett i Universitas i over 5 år, og på den tida omtrent rørt absolutt all koden i produksjonssystemet dei brukar til å laga avisa.

Nettsidesystemet er utvikla av føregjengaren min, men eg har forbetra og skrive om nesten heile systemet på dette punktet. Det har lært meg veldig mykje om korleis store system bør lagast.

Videokasting

Eg har drive med videokasting/webstreaming av konferansar og presentasjonar sidan 2008. I laupet av den tida har eg prøvd ut mange forskjellege system og ulike metodar.

Eg brukar mest berre fri programvare og opne standardar i alt eg gjer. Videokasting er ingen unntak, og nett der gjer eg òg ein heil del naudsynt arbeid for at me skal kunna delta på konferansar via internett utan bruk av Flash, Silverlight eller annan teknologi som høyrer til éin enkelt leverandør.

Utvikling av Errantia

Eg har starta utvikling av ei fri programvarepakke, Errantia, for å forenkla videokasting med HTML5. Nettleserane er framleis ikkje kome langt nok til at alt er so enkelt og greitt (og fungerande) som det burde. So det trengst ein god del hjelpekode for å få slik videokasting til.

Arbeidet med Errantia har faktisk ført til direkte endringar i HTML5-spesifikasjonen for <video>-elementet.

Filmarbeid

Eg gjer filmarbeid :-)